Del 3 – Vinter 2021 – Besøk av Sysselmannen.

Sysselmann Kjerstin Askholt, med ishavsroser og stedlig leder på Hopen Anstein Felde Johansen.

Storfint besøk på Hopen!

Torsdag 10 ande desember fekk me storfint besøk her på Hopen. For då kom Sysselmannen med prest og anna storfint følge på den årlege julevitjinga på Ishavsstasjonane. Vi hadde vaska både oss sjølve og stasjonen for anledninga, måka veg og heliport, Kjell Kristian (kokk) hadde diska opp med all tenkjeleg  både, bakverk, kaker, anna mat og drikke. Her var det verkeleg ikkje spart på noko, og stemninga var på topp. Det vart allsong av julesangar, tale av Sysselmannen, overrekking av gaver og blomar, opplesing av juleevangeliet og solosang frå både ansatte hjå Sysselmannskontoret (sysselmannskoret?) Crewet frå Lufttransport , Hopen mannskor m.fl Det vart skikkeleg høgtidsstund av det heile og skikkeleg julestemning. Det vart ikkje sunget ein einaste sur tone og er viss på at sølvgutane hadde vore grøne av misunning for slik ein klokkeklar  song. Nesten synd det var så få som fekk med seg dette live. Heilt klart noko som kjem til å gå gjetord om i generasjonar.

Det var siste juletur til Hopen for Sysselmann Kjerstin Askholm sidan ho går av som Sysselmann i oktober neste år. Vi hadde selvfølgeleg den sagnomsuste  boka «Hopen ishavsøy og meteorologiskstasjon» samt ein bukett av ekte ishavsroser som vi overrekte ho. Dette som ein takk for ein flott jobb ho har gjordt for oss på ishavsstasjonane og då spesielt Hopen. Vi er djupt takknemlege for det.

Prest Siv Limstrand sørget at julestemning kom med preken og sang i stua, ho hadde med kransekake frå kyrkja i Longyearbyen.

Med på turen frå Longyearbyen var og litt forsyningar sidan det kan fort bli lenge til neste gong. Litt sånn småting( frukt og grønt)for og fylle på lageret, samt noko som sikkert skulle ha vært kome for lenge sidan. Det siste er nok eit slags ishavsfenomen, alltids noko som ikkje nådde båten, som då kjem ved ein seinare anledning. På Hopen er det til tider langt mellom besøka og langt mellom leveringane.

Boka kan og forøverig bestillast frå oss her på stasjonen eller kjøpast/bestillast frå Svalbard museum. Den kan anbefalast som anten oppslagsverk, lesestoff, coffe table bok eller berre ha liggjande som anten pynt eller for og imponere nokon.

Vi ansatte på Hopen takkar og bukkar for eit fantastisk triveleg besøk!

(Alle bilder tilhører Velferden Hopen og kan ikke kopieres/brukes uten tillatelse)