Hyttetur

Onsdag 30 desember, dagen før dagen og kalla lillenyttårsaftan, fann me ut at vi måtte lufte alle dei 5 firbeinte og alle dei 4, 2 beinte på stasjonen. Det har vore eit grått og trist vær men for eingongs skuld utan vind. Me har hatt kuling og storm i meir eller mindre 3 veker i strekk, og snøen har meir eller mindre blese av øya. Minusgradene og isen har vinden teke i same slengen. Akkurat no er det ikkje mykje som minnar om ishavsliv her oppe i mørkret, tåke, yr, regn og plussgrader. «Blått hav så langt man ser» so da heiter so fint i sangen. Vi kryssar fingar og tær for ein lang kald vinter framover.

For at me ikkje skulle bli slappfiskar før nyttår, måtte vi difor ut og trimme juleflesket. Då kryssa vi over på andre sida av øya for ein liten kvil, samt sjå at ting er i orden og at der ikkje har vore isbjørn og rota sidan sist. Så me traska ut i skoddheimen alle 9 og for ein flott tur det blei. Det er verkeleg noko i ordtaket «livet er best ute» , sjølv om vi såg berre eit par meter framfor nasen (og kalla snuten for over halvparten av dei som bur på stasjonen). Er det noko fint med stillheita og den friske lufta i den storslåtte naturen vår. Til tross for været er det ein stasleg flott stad me bur.

Alle var einige om at det hadde vore ein fin tur.

Anstein, Magnus, Kjell Kristian, Geir og litt av ryggen til Krekling.