Denne veka har vi fått inn hovedforsyninga for året som kjem.




Denne veka har vi fått inn hovedforsyninga for året som kjem.
Denne veka har vi levd det gode slaraffenliv. Stedlig leder-stillinga er delt på to denne sesongen, Kenneth var her dei første 8 vekene, så skal Jens Helge ta dei siste, men han kjem ikkje før med sommarbåten.
Kanskje kjem han i morgon? Kanskje kjem det da òg eit helikopter med valurne, så vi får stemt? Etter ein periode med mykje bra vêr har vi nå fått ganske tett tåke, om verken båt eller helikopter kjem må vi ete lasagne og bacalao til alle måltid framover, kokken har berekna lunsj og middagsmat til 20 for morgondagen.
Da har seks veker passert i ein fei, ein fjerdedel av oppholdet. Som resten av landet har òg vi hatt godt vêr den siste veka, tysdag målte vi 10,2 grader. Ikkje akkurat ein temperatur å skryte av, men når skydekket er lett og sola skin føler ein at summaren er her. I finvêret har vi komme oss litt lenger i friperiodane, vi har hatt overnattingsturar både til Sørhytta og Beisarhytta. Som dykk har sett på webkameraet har vi fått mala no når malingsvêret var her, brakka hitanfor helifuelbygget er igjen brun og fin.