Veke 27

Trafikkmelding:

Strandveien er midlertidig stengt mellom avkøyringa til Kolsumstubben og Helge Tangens veg frå laurdag 05.07.2025 kl. 22. Det legges stikkrenne. Omkøyring er skilta. Arbeide er forventa avslutta innan 07.07.2025 kl 22.

Vi har både skifta vindu og rivd pipa i Reserven den siste veka.

Produktplassering

I går kom det ærfuglungar på Hopen. Vi gler oss til å følge dei den tida vi har dei utafor stuevinduet.

Veke 24

Glas- og metallavfallsdunk på veg ut frå kaldlageret for transport bort til Husdalen gjenvinningsstasjon. Derifrå transporteres det til fastlandet med neste båt.

Loddet bakpå traktoren løsna frå ramma, så da fekk vi brukt både sveiseapparat og slagbor.

Når loddet var fiksa fekk vi henta ned maten som vart flytta opp i reservefrysarane når fryseaggregatet ga seg. Dei to frysarane vi har ståande i reserve står på mesanin på verkstaden.

Ein svane har beita på tunet fleire kveldar den siste veka.