Fire på tur, saman, det er ikkje kvardagskost her. Vi har hatt besøk, fått gjort noko arbeid på aggregata. I dag var CHC her på middag, så no har vi frukt og grønt for enda eit par veker.
Vi graver grøfter og legger trekkrør. Det skal legges ned ein brannsignalkabel for å knytte resten av bygga på brannsentralen vi har i hovedhuset.Grønt og fint på finvêrsdagane på hausten.
Bekken var tom for vatn i over ei veke, så vi rigga opp ei reserveforsyning i går. Med pumpe fekk vi pumpa vatnet over til tinekaret, er ikkje store vassiget som skal til.