Reinsdyr på Hopen!

I går var me ut og gjekk då me oppdaga 3 unormale skikkelsar  i tåkeheimen. Etter litt forvirring og diskusjonar på kva dette var, måtte vi gå litt nærmare. Jammen var det 3 reinsdyr!

Vi fekk litt sjokk og har ikkje verken lest eller hørt at det har vore reinsdyr på Hopen før. Dei må nok ha vandra inn på isen frå Edgeøya andre forklaringar har vi ikkje foreløpig. Bileta er av ltt dårleg kvalitet pga. værforholda, så i løpet av dagen skal me sjå om vi finn dei att.