Veke 30

Fint å gå brannrunden når det er sommar døgnet rundt, bildet er tatt kl. 3 natt til i går.
Kollerreven dukka plutseleg fram frå tåka. Nordreven og Kollerreven er av det passe nysgjerrige slaget. Werenskioldreven er redd oss, han stikk ut på det bratte partiet mot fuglefjella når vi kjem. Sørreven er litt for lite redd, han kjem mot oss når han ser oss.
Det har vært bursdag på Bjørnøya. Dei næraste kollegaene må ein feire, men 28 mil ein veg vart litt drygt for ein kveld så vi sendte ein video av diktopplesinga og åt kaka sjølv.
Vi har montert nytt kjøkken i Reserven. Neste prosjekt der er å montere pipe.
Erland fant eit ansikt.
Leirdueskyting, Kenneth var den mest treffsikre av oss.