Bekken var tom for vatn i over ei veke, så vi rigga opp ei reserveforsyning i går. Med pumpe fekk vi pumpa vatnet over til tinekaret, er ikkje store vassiget som skal til.
Reveungane leiker rundt oss. Dei trudde Svanhild òg ville være med på leiken, men ho syntes ikkje det var så gøy å ha to-tre rever etter seg, så no har ho flytta til Sørhytta.Vi har hatt eit par dagar med fint vêr no. Frost i bakken så da er det litt enklare å gå over dei blaute områdane. Ole-Martin har hatt ei natt på Sørhytta, Helge ei natt på Beisarstua og Jens Helge ei på Johshytta. Erland har nytta dei vindstille dagane til å legge tak på Reserven.
Sist torsdag satte Svanhild og Helge opp Svanesjøen, det ble ei fin framsyning, sjølv reven tok ein pause frå måkejakta, han titta fram bak hushjørnet for å sjå kva vi dreiv med på tunet.
Vi har drenert på oversida av helifuelbygget og pakka den siste storsekken med ved over i småsekker og flyttet de inn i vedlagerbrakka.Vi har begynt på taket på Reserven, nytt tak oppå det gamle.