Reveungane leiker rundt oss. Dei trudde Svanhild òg ville være med på leiken, men ho syntes ikkje det var så gøy å ha to-tre rever etter seg, så no har ho flytta til Sørhytta.Vi har hatt eit par dagar med fint vêr no. Frost i bakken så da er det litt enklare å gå over dei blaute områdane. Ole-Martin har hatt ei natt på Sørhytta, Helge ei natt på Beisarstua og Jens Helge ei på Johshytta. Erland har nytta dei vindstille dagane til å legge tak på Reserven.