Veke 47

Da har mørket senka seg over Hopen, bokstaveleg, ikkje biletleg, humøret er stadig godt.

Har hatt mykje fin himmel både på dag- og nattetid denne veka.

Kjøkenet på Reserven er så ferdig som vi får det med det vi har av delar her på øya, det siste handtaket og silikon og anna som vi mangla kjem kanskje med neste båt.

Vi er godt i gang med rydding og vasking for å gjere klart til neste besetning, alt bortsett frå Hovedhuset er klart.