Kvalross

Her på Hopen har vei eit dyr som både har mykje større tenner og er både større og tyngre enn isbjørnen. Det er selvfølgeleg kvalross vi snakkar om, den må finne seg i og komme på andreplass av eksotiske dyr her på øya. Like fullt eit imponerande dyr og eit fint skue. Det er noko eige med og sitje og sjå på desse store og fredelege skapningane. Vi har hatt ein del av dei innom men ikkje heilt nærme stasjonen endå, dei ligg på denne tid litt ute på isen nærme råker og slikt. Vi ser dei oftare i kikkert enn med det blotte auge.

Kvalrossen var om lag utrydda på Svalbard for ca 50 år sidan og blei då heldigvis freda, dei formeirar seg i sakte tempo og no er bestanden aukande. Dette gjere at kvalrossen blir eit meir og meir vanleg dyr og sjå både på Svalbard og andre stader i arktiske strok. Dermed og eit meir vanleg dyr her på Hopen og ikkje uvanleg ligg den i fjæra rett ved stasjonen. Vi har observasjonar av kvalross forskjellige stader rundt på øya men dessverre på litt avstand so dei beste og klåraste bileta kan vi no ikkje skryte på oss endå.

1 tanke om “Kvalross

  1. Kvalrossen blei freda i 1952, så det er snart 70 år sidan. I 1973 blei isbjørnen freda, og båe artane har tatt seg opp etter fredingane. Heldigvis sigra fornuften før det var for seint.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.