Vår på Håpets øy!

Med lyset kjem våren og med det kjem jo det meir og meir tilreisande gjestar som kjem luftvegen. Den 9 april fekk underteikna auge på noko nytt i snøføyka, det var rett og slett årets fyrste snøspurv. Oppdaginga blei gjordt i kraftig vind, snøbyger og snøfokk under brøyting, litt sånn sjølvmotseiande vårteikn på eit vis. I alle fall i snøføyka og nordavinden der kom den flygande, dagen etter kom det 2 store flokkar med ærfuglar. Med alkekongar, krykkjer og lomvi, livnar det godt til og her er ikkje heilt lydfritt lenger. Det er vår i lufta sjølv om det er med vind er godt over -20 effektive kuldegrader og hovudsysselen vår er snømåking. Det er snart lyst heile døgret og ein kjenner at sola varmar litt, ein høyrer fuglane då er det no vårleg sjølv om temperaturen seier noko anna. Hadde ein hatt ei appelsin og site ute kunne det no vore fint i solveggen, kanskje til og med litt påskeaktig stemning. Vi får ta oss eit glas appelsinjuice i sola med vottane på og drikke fort so innhaldet ikkje frys til is.
Isen på havet har kome og gått, fram og tilbake i heile vinter men no ligg forhalda tilrette for litt is igjen. Det er meldt kaldt framover og det er vind frå nord, då legg nok isen seg ein gong til får vi tru. Det er stor forskjell for oss om her er is eller ikkje. Når her er is er det utruleg stille, utan is kan det bli mykje lyd frå havet og dønningane der. Dermed er innbyggjerane på Hopen meteorologiske stasjon stort sett einige om at is på havet er bra.
For dei som ikkje la merke til datoen på forrige innlegg var det selvfølgeleg ein aprilspøk. Det er ikkje observert reinsdyr på Hopen, i alle fall ikkje av det vi veit.

Share

1 tanke om “Vår på Håpets øy!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.