Soloppgang!

Når denne besetninga kom opp til Hopen 1 desember, var det mørkt heile døgnet. No derimot er det snart lyst heile døgnet, det er berre litt skumring midt på natta. Vi har virkeleg og bokstaveleg talt gått mot lysare tider, det er berre ei god veke att til vi har midnattsol. For dei av oss i besetninga som er søringar er jo dette litt eksotisk, vi ser selvfølgeleg framover mot dette uansett.

Vi arbeider skift her oppe i isaudet med nattevakter og dagvakter om eit anna, nattevaktene kan til tider verte litt lange spesielt om været er dårleg. Det kan jo selvfølgeleg by på action og med isbjørn og anna men stort set er dei særs rolege. Enkelte gonger er nattevaktene heilt fantastiske, i natt stod sola opp nokre minutt over kl 03. Det var ein fantastisk soloppgang som nattevakta fekk oppleve. Ord og bilete klarar nok ikkje og beskrive dette synet. Legg ved eit bilete slik ein kan få eit lite inntrykk av det.

Her oppe kan ein fundere på uttrykket «forskjellig som natt og dag» er ikkje so stor forskjell på det, halve året i allefall.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.