April med din glede

Etter fleire sesonger med ei badstu som ikkje var heilt tett i mellom ovn og pipe, eit hol i pipa utvendig. der var store mykje sot og smuss i pipa, det var omlag umogleg å få fyr i ovnen. Fann vi ut at no var det på tide og plukke den frå kvarandre og sjå om vi fekk ordna det skikkeleg. Først vart det plukka frå kvarandre, då vart det oppdaga at vi mangla delane til og fikse dette. Det vart full krise og panikkarta stemning. Kva skulle vi finne på no på laurdagane? Så brått var den der, delen vi mangla. Gjøymd i ein kasse på kaldtlageret. Ein stubb røykrør og tettepakning til peisovn, skal love alle lesarar at no vart stemninga god! Panikken slapp og ishavsroen senka seg atter ein gong, vi var redda. No visste me brått kva me skal gjere kvar laurdag fram til me reiser heim. So nokre dagar seinare vart det kraftig vind og pipehatten på badstua forsvann, no visste vår eigen Petter smart ( Petter Simonsen ) råd. Han laga ein ny i full fart. Dermed var badstua god som ny atter ein gong.



Akkurat denne besetninga på Hopen er so heldige at vi har med har med ein Meteorologifullmektig (Per Øyvind) som har utvikla og strikka eit nisjeprodukt som vi brukar kvar laurdag. Den sagnomsuste Badstusokken, ein tova ullsokk som held både varme og kulde vekke, den er og sklisikker i bortimot alle situasjonar. Iallefall mellom stasjonsbygg og badstu. Dette har vi testa på forskjellig vær og føre i vinter. Utruleg fint og praktisk produkt, ikkje kome for salg i butikkar endå. Vil tru at dette produktet kjem til og ta av, hugs kvar du leste det først. Det er sikkert og mogleg og bestille om ein tar kontakt.

Endå ein Halo eller bisol so da og kan gå under. Det fortel om lave temperaturar i atmosfæren.

Den siste tida har vi vore utan vaskemaskin, det har vore til tider litt utfordrande. Sjølv om det finnast mykje viktegare verktøy på Hopen enn vaskemaskin. Då må ein fram med ein stamp og eller bøtte og vaske for hand på gamlemåten. Litt tungvindt men det fungerar greit så heng vi kleda ut for lufting ein gang i blandt. Då luktar dei reint om ikkje anna.

Den 10 April er som vanlig den sagnomsuste bulle i bulle-dagen. Bulle i bulle har tradisjoner fra Helsingborg i Skåne, Sverige. Ta en sjokoladeboll, en sådan med havregryn og kokos, stoppa in den i et rundstykke av type lys. En tur innom toastjernet ble prikken over i.

Eit av vårteikna på Svalbard og Hopen er Snøspurv, ein fantastisk fin og flott liten fuggel. Snøspurven overvintrar heilt sør i Noreg, Danmark, og nedover mot Nederland At ein så litan fuggel på ca 15-18 cm og mellom 20 og 50 gram kan fyke desse avstandane og i tillegg krysse barentshavet/nordishavet er beint fram imponerande.

I tilegg til meteorologiske observasjonar og registreringar er ismåling er noko av det vi driv med her oppe. Vi måler isen for Norsk polarinstitutt på havisen utanfor stasjonen med istykkelse m.m. Då borar vi hol og målar på gitte geografiske punkt. Dette vert utført ein gong i veka, det er ein veldig kjekk jobb som vi meir enn gjerne gjere. Dette er i tilegg til daglege observasjonar av isen som vi sender til Meteorologisk Institutt. Denne vinteren har her vært tidvis dårleg med is, no er det heilt ok med is og vi måler no is so lenge isen er her. Vi målar sjøtempen når ikkje her er is og tilhøva tillet dette. Vi er med andre ord mykje i fjæra og på isen heile året.

Hundane er friske og spreke sjølv om dei drar litt på åra. Dei er med på daglege turar og kosar seg på denne vakre øya. Det er fritt og fint liv på Hopen for hundane, dei får springe mykje fritt når dette er lov. Legg ved litt hundebilder slik at bloggens mange leserar får sjå korleis dei fastbuande har det.

Traktor: som kanskje mange av våre leserar kanskje har fått med seg fekk vi ny traktor i sommar. Det har vært eit eller anna krøll med hydraulikken på den sidan den var ny, vi har tenkt at det var slik det skulle være. Ikkje likte hyraulikken kulde og vart vaskeleg og handtere og etter ei kort økt måtte den inn i garagen og varme seg. For og so fortsettje når den fekk varmen i seg att. Her for litt sidan vart det bråstogg på hydraulikken. Det slutta og fungere under ei brøyteøkt. Vi tenkte det ville være ein enkel reperasjon, det var det ikkje. Dermed måtte vi grave fram gamletraktoren og sette den i drift att.

Ein annan sterk tradisjon på ishavsøyene er nakenbading, det har og mange av besetningane oppigjennom praktisert. Ja til og med besøkande veljer og ta av seg kleda og bade i dette kalde vatnet. Ja nokon dreg kun til Hopen for å bade, tja forstå det den som vil. Då får ein både ære, berømmelse, diplom og merke, det er no forresten ein særs god grunn. Hopen nakenbadeforening er ein særs eksklusiv klubb og det er neimen ikkje meir enn nokre nevar menneske som badar her kvart år. Stasjonssjefen har nok ære og berømmelse og er ei særs god isbjørnvakt. Dermed fekk han ikkje bada frivillig i år heller, han seier han ofrar seg for oss, det er bra. Han har bada nokre gonger ufrivillig her på ishavet og meinar at det er nok. Uansett er det trygt og godt og ha ein særs langsynt isbjørnvakt.

Det vart påske i år og sjølv utan appelsin og solo, vi kjørte grilling av pølser på bål i sjøvbygd snøborg vi spedde på med kakao, kvikklunsj og diverse tilbehør. Då vart påskestemninga bra! Det var eit fantastisk påskevær og med innlagt tradisjonelt skisyttar-renn i ekte Hopen stil. Alle fire vann kvar si klasse, dermed er det kun vinnerar på øya. Det vart sopass med sol at solbrillene var på omlag heile påska.

Den 25/04 er midnattsola attende det er eit fantastisk skue og vi seier oss særs heldige som får oppleve dette. Ein sesong på

Den 2 mai feira vi Annas 29 gjebursdag. Stasjonssjefen lagde ekte Lars Monsen lunsj slik som Lars har lært han at det skal være. Så diska Petter opp hamburger med speilegg og søtpotetpomfrites til middag. Medan vi sat der kom det storfint besøk. Der kom KV Hopen seglande rund Kapp Thor på veg for å besøke oss, det var ein skikkeleg hyggeleg overaskelse. Dei prøvde og komme på besøk for nokre veker sidan men det vart for vansklege forhold. Så dette vart det fyrst offisielle besøket. For oss som har vært nokre gonger på ishavet betyr kystvakta ekstra mykje, det betyr, selskap, mat , transport og tryggheit. Vi set umåteleg pris på arbeidet dei gjere for oss og alle andre. KV Hopen la seg i isen ei nautisk mil aust om stasjonen og det var bra forhold og gå ut. Vi vart invitert ombord for ein visitt. Vi fekk og fylt opp 2 sekkar med frukt og grønsaker, vi fekk og gåver på kjøpet. Det var beint fram fantastisk og for ein fantastisk service. Dette var kjærkome og vi vart utruleg glade. Mogleg Anna (bursdagsbarnet) som er kokk vart mest glad. Vi åt appelsin til kvelds og salat til lunsj, druer til 3 kaffi. Ein set utruleg pris på dei enkle tinga og ferskvarer når ein er ein sesong utan påfyll av ferskvarer.

Hopen har norges ja kanskje verdens minst brukte helipad. Den er omdøpt til soldekket. Vi vurderar og finne nytt bruksområde og her kan våre mange leserar kome med forslag til bruk. f.eks tennisbane, skøytebane, badeland m.m

Ishavskonsulent, og ikke minst vår uppskattade, sjef Rune Nilsen mener det er bra for oss å se ting som gror. Det prøver vi på.


3 tanker om “April med din glede

  1. Takk for herlig oppdateing fra verdens midtpunkt. Ser ut som dere trives godt og at påskeskirennet er oppe å går. Tross noen utfordringer, det skal det jo være, så ser det ut til at livet går, på verdens mest eksotiske værstasjon, som det skal. Nyt den siste måneden!

  2. Gratulerer med dagen som var 2.mai til kokken.
    Dere er kreative og flinke til å finne på aktiviteter.
    Håper dere får orden på vaskemaskinen før mannskapsbyttet.
    Er det noe bjørn igjen på Hopen?
    Flotte bilder dere legger ut, takk 🙂

Legg igjen en kommentar til Trond Rustand Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.