No ventar ein vel sårt på ei oppdatering frå øya i nordaust, sidan sist har det skjedd ein heil del iallefall i ishavssamanheng. Vi har omsider fått forsyningar og besøk!!! I rake motsetninga til våre kollegaer lenger sydvest vert vi ikkje akkurat overausa med besøk og forsyningar. I år tok det 5 mnd før det dukka opp helikopter med sårt tiltrengte ting som vaskemaskin, frukt og grønt. Betre seint enn aldri er eit godt ordtak som kan brukast her oppe, til gjengjeld smakar no ferske varer dobbelt så godt når det er såpass langt mellom forsyningane. Er ein veldig glad i frukt og grønt er vel kanskje ikkje akkurat Hopen øya og tilbringe eit halvår, då lyt ein nok sydover eit stykke. Når det gjelder traktoren er det intet nytt, til tross for innflydd mekaniker vart det ingen kvikkfiks. Delar er på veg men i kjent stil tar det nok nokre mnd før ting er på plass.


Denne sesongen fekk me liksom alt besøket omlag samtidig dvs dagen etter det fyrste besøket kom nestebesøk, nestan litt overrveldande. Vi fekk vaskemaskin, og ikkje minst sprellande fersk Røye frå Bjørnøya, fisket av den sagnomsuste fiskaren Marte Strømmen. Vi takkar og bukkar for fisk samt alt det andre Bjørnøya sende oppover til Ensamheita og håplausheitas øy. Vi vart veldig glade og særs takknemlege for omtanken.


17 mai gjekk me tok på havisen, deretter gjekk Petter og Anstein sørover og på Iversenfjellet, det var nydeleg vær og alle var einige om at da var ein gild tur. Me trengde ikkje akkurat mykje niste på vegen vi var proppa fulle av pølser, is, kaker og meir. Kort oppsummert, Iversenfjellet er ein fin stad!






Vi har hatt og 2 sjeldne fuglar innom begge 2 er fyrstegongsregistrert på Hopen. Den eine er Grønnstilk og den andre låvesvale. Det var stor jubel i fuglebransjen då dei tok imot desse sjokkerande og ville nyheitene.


Ellers av nyheiter på dyrefronten er det langt mellom bjørnane, men det har no vore nokre stk innom sidan sist.


Vi har ved eit uhell fått oss eit par solsikker den eine er blitt kjempestor og blitt eit slags blikkfang i karnappen. Det er vel litt vanskeleg og ungå og sjå den sidan den har vorte så stor. Den er særs vakker og vi er meget stolte foreldre.



Vår egen Per Øyvind er strikkemester og snekkarmeister, han er ein rasande flink snekkar og snekra eit Backgammon spel. Han er ein ubestritt Hopenmeister i spelet og tilnærma proff. Vi andre held låg profil og spelar kun Backgammon når han søv. Til tross for mange turar på fjellet her på øya virkar ikkje som høgdetreninga har noko effekt i speling.

Vi har drive med ismåling og det er no ei tid for alt.

I går reiste isen sjølv om Petter prøvde febrilsk og måle is i dag og så må vi pakke vekk ismålingsutstyret og gjere oss klar for rydding og vasking framover mot avreise.


Ellers har her vore besøk som sagt og legg ved nokre flotte bilete av desse sjelde farkostane. Vi var lenge i tvil om det fantes helikopter men etter 2 på rappen kan vi fastslå at det er mulig vi må reetablere navnet helipad frå soldekket igjen.



Petter venter på solnedgangen…..
