Alt har ein ende også for oss som arbeider på ishavet. No er det dags for besetningsbyte, og det er både hyggeleg og vemodig. Etter 6 mnd på ein ishavsstasjon og ca 6,5 mnd sidan ein drog heimanfrå er det tross alt store omveltningar som ventar, no lyt vi passe oss for traffikken, forhalde oss til andre mennesker, handle inn mat, ingen kokk som lagar mat. I heileteke mykje! kva var no koden på bankkortet? hugse og ta med pose på butikken….
Vi har framleis ein traktor som ikkje virkar, vi måtte klare oss i godt over ein mnd utan vaskemaskin og i tilegg stogga fryseaggregatet og virke. Det var heilt dødt og det var flaks for oss hadde vi jammen 2 tomme fryserar som kunne ta seg av noko av maten slik at me iallefall hadde noko mat att. Eller var det og flaks at dei hadde nytt til oss på Bjørnøya og at det snart kjem ein båt som har vore innom og henta det til oss. Det som er fint er jo at naboøya i sør har det meste på lager og fungerar nestan som eit slags delelager/butikk for oss på Hopen.
Det som er spesielt for oss på Hopen til forskjell frå dei andre ishavsstasjonane er at vi er nestan ikkje har besøk og etterforsyningar. Det gjere nok at vi set ekstra pris på og kome heimatt til ferske matvarer, eigentleg alt som ikkje har vore fryst. Det og tilbringe ein vinter på Noregs mest isolerte stad er beint fram fantastisk og ein sit igjen med mange fine minner. Uttallige isbjørnmøter, sjå både sel og kvalross, vandre rundt på havisen. Sjå flotte soloppgangar og solnedgangar få oppleve ordentlig mørketid og midnattsol, mykje nordlys skikkeleg vintervær med både snøstormar og vindstille stunder. Den fine våren når fuglane kjem att. Som sagt mykje fine minner som ein tross alt deler med 3 andre som er akkurat like heldig som ein sjølv og har fått oppleve alt dette. Då er det kjekt og fått oppleve einsemda samt det og leve isolert. Det er dette ein kun får oppleve på Hopen og då spesielt på vinteren.






Stasjonen sett frå Iversenfjellet

Isbjørnen som beundra sjølvskotskassen innanfor stovevindauget.

Fyrste turen KV Hopen kom til Hopen.

Takkar for oss og takk for 6 fine mnd. Vi ynskjer den nye besetninga velkomne og god vakt!