Veke 24

Glas- og metallavfallsdunk på veg ut frå kaldlageret for transport bort til Husdalen gjenvinningsstasjon. Derifrå transporteres det til fastlandet med neste båt.

Loddet bakpå traktoren løsna frå ramma, så da fekk vi brukt både sveiseapparat og slagbor.

Når loddet var fiksa fekk vi henta ned maten som vart flytta opp i reservefrysarane når fryseaggregatet ga seg. Dei to frysarane vi har ståande i reserve står på mesanin på verkstaden.

Ein svane har beita på tunet fleire kveldar den siste veka.