Denne veka har vi levd det gode slaraffenliv. Stedlig leder-stillinga er delt på to denne sesongen, Kenneth var her dei første 8 vekene, så skal Jens Helge ta dei siste, men han kjem ikkje før med sommarbåten.
Kanskje kjem han i morgon? Kanskje kjem det da òg eit helikopter med valurne, så vi får stemt? Etter ein periode med mykje bra vêr har vi nå fått ganske tett tåke, om verken båt eller helikopter kjem må vi ete lasagne og bacalao til alle måltid framover, kokken har berekna lunsj og middagsmat til 20 for morgondagen.
